LITE LASS: Ein nyleg rapport frå Transportøkonomisk Institutt syner ein elendig tilstand på dei kommunale vegane. Biletet syner at tømmerbilen kan lesse berre 10 tømmerstokkar (4,4 m3) på BK8/32, vogntoglengde 12,4 meter. Det er ein heilt vanleg vegstandard i kystfylka og utgjer ca. 50 % av alle kommunevegane. Denne tømmerbilen må køyre ni turar for å fylle eit optimalt vogntog på 41,8 m3.